I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Dei to gamle traseane i Reiersdalskleiva. Foto.

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]

Postvegen – Bjørnaråkleiva

Steinmurar etter den gamle vegen i skogen på Bjørnarå. Foto.

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]

Postvegen – Rakkenesbakken

Dei gamle steinmurane etter Postvegen i Rakkenesbakken. Foto.

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]

I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Svære steinmurar på vegen i Myrbotnkleiva. Foto.

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]

I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Den gamle setesdalsvegen som buktar seg gjennom skogen i Knutskleiv. Foto.

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]

I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Eljannskleivan med bru. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]

I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]

«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland

Gammel bru på Sandnes. Foto.

I området rundt Gamle Vikelid nord på Sandnes er det hogd mykje skog i det siste. Den gamle brua over Rossedalsbekken er framme i lyset igjen! Sandnesingane kjenner godt til alt det den lokale skogen måtte skjule. Men for meg som synest det er så gøy å bli litt betre kjend rundt omkring i dalen, […]

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen på Eikeland i Hægeland. Foto.

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]

Hattefossbrua – Hornnes

Hattefossbrua ved solnedgang. Foto.

Brua er ei trebru med brukar av stein over utlaupsosen av Kosvatn på Abusland i Hornnes. Hattefossbrua var opphaveleg bygt av oppmurte brukar av stein, med trebjelkar imellom. Ho er restaurert fleire gonger. I 2015 blei det lagt nytt toppdekke, men då med jernbjelkar som berebjelkar. Historie Brua skal vere bygt i 1859, er det sagt på Kulturminnesok.no. Lokalkjende Ragnhild […]

Fjellskarbrua – Rysstad

Fjellskarbrua. Foto.

Fjellskarbrua er ei bru på ein tidlegare parsell av Setesdalsvegen, ved Fjellskardevja, rett sør for Rysstad i Hylestad. Ho er ei stålbjelkebru, med brukar av hoggen stein, bygd i 1919. Det var den tredje brua på staden. Brua var for svak for dei tunge transportane då Brokke kraftverk blei bygd på 1960-talet, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si […]

Kallefossbrua – Valle

Kallefossbru nr. 1. Foto.

Kallefossbrua går over Otra ved Kallefoss rett nord for den særmerkte Einang i Valle. Brua er eit interessant vegminne. Det er eigentleg tale om to bruer. Otra går i eit todela løp her, og då er det bygd to bruer for å kome over. «Kallefoss 1» er brua lengst vest. Ho er 40,5 meter lang, […]

Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen. Halvferdig fjellskjæring i skogen. Foto.

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig. Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig. Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no Veg ved Ærekilen Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva […]

Vegbrakka – Geiskeli

Gamal vegbrakke ved Geiskeli. Foto.

Den gamle vegbrakka som står ved innkøyringa til Geiskeli blei brukt under vegarbeidet i Bykle på 1920-talet. Opphaveleg var bua sett opp av dei to skogspekulantane Berke og Foss, for dei store tømmerdriftene i Berdalsskogane. Då stod bua lenger sør, ved Berdalsbru. Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg (f. 1876, d. 1974) skal ha flytta frå garden og […]

Bykle gamle bru

Brukara etter Bykle gamle bru. Foto.

Den gamle brua over Sveigefossen i Otra, sør-vest for Bykle kyrkjebygd, var i bruk frå 1879 til 1940, då norske motstandsfolk sprengte brua. Ei norsk hæravdeling låg i Vinjesvingen i Telemark, og ytte motstand mot den tyske framrykninga lenge etter at avdelingane i Setesdal hadde lagt ned våpena. Dei sprengte då Byklebrua og Berdalsbrua lenger nord, for å hindre åtak […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Fånefjell vegmiljø

Fånekleiva på Postvegen i Bygland. Foto.

Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går […]

Postvegen i Hornnes

Kiledalskleiva steinkvelvbru. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]

Kjetsåbrua – Hornnes

Kjetså bru i Hornnes. Foto.

Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne. Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969. Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen mellom Kristiansand og […]

Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå steinkvelvbru i Bykle. Foto.

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt […]

Gamlevegen ved Berdalsbru

Otra forbi dei gamle brukara etter Berdalsbrua. Foto.

Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913. Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag. Sprengt av norske motstandsfolk Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker […]

Auvervassåi gamle bru – Bykle

Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi. Foto.

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden. Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle […]

Postvegen – Flåstrondi

Postvegen, Flåstrondi, Valle. Foto.

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]

Postvegen Uppstad–Flårenden

Gamlevegen Uppstad, Valle. Foto.

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]